– Det er konstatert eit trafikkuhell. Vedkomande har sklidd av vegen, fortel politiets operasjonssentral.

Føraren var åleine og har kome seg uskadd ut av bilen. Airbag er løyst ut og det er snakk om store materielle skader. Bilbergar er på veg. Ifølgje Vegtrafikksentralen påverkar ikkje ulukka trafikkflyten. Vegen er open.

Vinterdekk

Politiet informerer og om at det er ein del snø i vegbana på Vikafjellet. Vegtrafikksentralen er varsla om forholda, og politiet oppmodar til bruk av vinterdekk om ein skal over fjellet.