Det er betydleg skredfare i Indre Sogn, melder varsom.no fredag. Det same gjeld for områda Jotunheimen og Voss. Det er fokksnø over vedvarande svake lag i leområde. I desse områda er det lett å løysa ut skred.

Vind og nedbør aukar utover ettermiddagen og regn kan føra til naturleg utløyste, våte skred, heiter det frå varsom.no.