Betydeleg fare for snøskred i Indre Sogn og Jotunheimen

SNØRIKT: Varsom.no melder faregrad 3, betydeleg snøskredfare, i Indre Sogn og Jotunheimen.

SNØRIKT: Varsom.no melder faregrad 3, betydeleg snøskredfare, i Indre Sogn og Jotunheimen. Foto:

Varsom.no åtvarar om å unngå bratte terreng på grunn av betydeleg snøskredfare.

DEL

Dersom du har tenkt å ferdast i fjella, bør du vera obs på snøskredfare.

I helga har det snødd mykje og varslingstenesta melder om faregrad tre, eller oransje, for snøskred. I Indre Sogn og i Jotunheimen kan vera plassar kor det er svært lett å løysa ut skred.

Det kan finnast både rim og kantkorn under den ferske fokksnøen, som hindrar stabilisering.

Les meir om snøskredfaren på varsom.no.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken