Sogn og Fjordane elbilforeining vart stifta torsdag 3. september, som eit lokallag til Norsk elbilforeining.

Det skjedde gjennom eit historisk digitalt møte, og eit nytt styre med Berit Hornes i spissen vart valde til å kjempa for elbil i gamlefylket.

Elbil sidan 1969

Det nye styret vil jobbe for at kommunar, næringsliv og folk skal gå saman for å bidra til eit betre klima, og redusere forureininga ved å elektrifisere vegtrafikken. Og trass i lange strekningar og at framleis mange ventar på ein elbil som dekkjer fleire behov, har den nye leiaren trua, skriv dei i ei pressemelding.

– Her lokalt har me stolte tradisjonar for produksjon av fornybar kraft, for teknologi og innovasjon og ikkje minst bur me i ein landsdel med store avstandar. Kombinerer me dette har vi eit perfekt utgangspunkt for ein elbilboom også her i Sogn og Fjordane, sjåar Berit Hornes.

Allereie i 1969 vart firmaet Elbil A/S etablert i Førde for å produsere båe elbil og elbuss for å bidra til redusert luftforureining i eit Noreg med sterk vekst i vegtrafikken. Dei kom ikkje lenger enn til prototypane, men pioneranda og handlekrafta sit igjen i selskap som Tibber, som leverer tenester for straum og smart lading, også frå Førde. Og prosessindustrien i gamlefylket har kunnskap og materialar som kan levere til elektrifiseringa som no kjem, skriv dei i pressemeldinga.

Familien er elektrisk

Den nyvalde leiaren fekk fyrste elbil i 2016, og no køyrer familien berre elektrisk.

Berit Hornnes (50) er til dagleg sjukepleiar i Helse Førde der ho for tida jobbar som Foretakshovudvernombod. For Sogn og Fjordane elbilforeining ynskjer ho å utfordre kommune- og fylkespolitikarar.

– Mitt ynskje er at me klarer å påverke den lokale elbilpolitikken slik at me når målet for 2025 om at det berre blir selt nye nullutsleppsbilar.

Elbilar for sognogfjordingar

Det nye styret trur folk i området vil få auga opp for mange av dei nye elbilmodellane som både trekkjer sterkare og har lengre rekkevidd enn tidlegare, noko som er avgjerande for ein del.

– Me kjem til å arrangere ladeprat-arrangement ved hurtigladarane i Sogn og Fjordane for å hjelpe ferske elbilistar i gong, og me skal arrangere glattkøyring slik at ein kan bli kjend med den nye bilen sin på all slags føre, seier Hornes.