Det viste seg at mannen skulle overnatta hjå nokre kjenningar, men hadde gått opp på feil altan. Han nekta først å forlata staden, men då politiet var på veg, gjekk han. Patruljen møtte karen og slo av ein prat. Vedkomande enda med overnatting på hotell.

Elles er det meldt om ei roleg natt i Sogn. Ein hjort måtte bøta med livet etter påkøyrsel nær Lavik ferjekai.

Lenger nord, på Nordfjordeid, var det alt anna enn roleg. Der braut det ut slagsmål mellom fem personar i nærleiken av kjøpesenteret Amfi. Hendinga skjedde mellom klokka 2 og 3 natt til laurdag. Ein fekk eit slag i munnen, og politiet hadde problem med å kommunisera med alle på grunn av språkproblem. To personar vart sende til sjukehus for sjekk. Det viste seg at dette var ei usemje mellom desse fem, og situasjonen roa seg etterkvart. Saka vert ikkje etterforska.