Nye kart viser at fleire hus ligg i rasfarleg sone

KART OVER SKREDFARE: Seljadalen i Vik kommune er eitt av dalføra som det no har kome nye skredkart for. (Foto: Skred AS)

KART OVER SKREDFARE: Seljadalen i Vik kommune er eitt av dalføra som det no har kome nye skredkart for. (Foto: Skred AS)

Av

Betre og meir presise kart gjev oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad i Vik.

DEL

Karta viser at totalt 10 bygningar ligg innanfor faresona for 100-årsskred, medan 75 bygningar ligg innanfor faresona for 1000-årsskred. Karta gir Vik kommune betre oversikt over skredfaren.

Gir betre grunnlag

Kartlegginga tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flomskred. Dei kartlagte områda er Fresvik, Borlaug, Feios Aust, Seljadalen, Liktvor - Svardalen, Framfjorden, Dale, Indrefjorden og Tenne - Nese.- Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdera sikringstiltak og for lokal skredberedskap, seier regionsjef Brigt Samdal.

Ei faresone om gongen

NVE skriv i ei pressemelding at karta er enkle i bruk.- Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ei faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata.Dei nye karta blir levert til Vik kommune den 25. oktober 2019.

Artikkeltags