Belgia blir raudt frå laurdag – fleire andre land i faresona

Av

Reiserådet for Belgia blir endra frå grønt til raudt frå og med laurdag. Det betyr at alle som har vore i landet må i karantene i ti dagar.

DEL

Frå midnatt natt til laurdag må alle som kjem til Norge frå Belgia i innreisekarantene i ti dagar, opplyser Utanriksdepartementet i ei pressemelding.

Landet har hatt 31,8 smittetilfelle per 100.000 innbyggjarar dei siste 14 dagane, ifølge Det europeiske smittevernbyrået (ECDC). Det ligg langt over nivået på 20 per 100.000 som er grensa for å bli friteke for karantenekrav ved innreise. Belgia låg under det nivået sist torsdag, då førre vurdering vart gjort, men talet har stige raskt.

Folkehelseinstituttet følger òg Frankrike, Austerrike, Sveits og Tsjekkia tett. Her aukar smittetala òg raskt.

– Me vil gjera ny vurdering av desse neste veke, seier overlege Siri Helene Hauge ved Folkehelseinstituttet til Nettavisen om utviklinga i landa.

Tsjekkia ligg for augneblinken på 24,6 smittetilfelle per 100.000 innbyggjarar og er dermed over det godkjende nivået. Austerrike på 19,5 og Frankrike på 17,7 ligg tett opptil grensa.

Torsdag har også Danmark oppdatert sine reiseråd. No opnar dei opp for karantenefrie reiser til heile Sverige. I tillegg opnar dei opnar danskane opp for reiser til Portugal.

Artikkeltags