Både førar og bileigar var snydens

Publisert 14.08.2019 kl. 11.01. Oppdatert kl. 11.21.

Han som sat bak rattet då bilen køyrde av vegen i Vågsøy hadde promille på 2,46.


Ifølgje tiltalen var ikkje eigaren som hadde lånt ut bilen, noko klårare i toppen. Også han hadde promille på 2,46.


Ingen av dei to vedgjekk straffskuld då saka var til hovudforhandling. I retten sa dei at dei ikkje hugsa noko frå sjølve ulukka.


Retten fann det prova at 25-åringen kunne dømast for å ha køyrd bilen, medan det ikkje var gode nok prov for at 29-åringen kunne dømast for at hadde overlaten bilen på ein måte som skal straffast i høve til vegtrafikklova.


Han vart difor frifunnen etter tiltalen.


Les meir om: Nyhende