Båt tok fyr, påkøyrd hjort og tylekøyring på fjorden

Action både på sjø og land i 1. og 2. pinsedag.

DEL

Søndag kveld tok det fyr i motorrommet på ein båt ute på fjorden i Indre Sogn. Ingen personar kom til skade og gode hjelparar fekk slept den ulukksalige båteigaren heim utan dramatikk.

Klokka 04.15 natt til måndag fekk Vest politidistrikt melding om tylekøyring i ein skjærgårdsjeep i Vik. Personane i båten padla seg inn til båthamna i løpet av kort tid.

I Øvre Årdal fekk politiet melding om ein påkøyrd hjort.

– Elles har det vore generelt stilt i Sogn, seier vakthavande på operasjonssentralen.

Artikkeltags