Båt køyrde på bryggje og buss køyrde på hjort

DEL

Klokka 03.03 natt til torsdag fekk politiet melding om at ein båt hadde køyrt på ei flytebryggje inn mot Måløy terminal.

- Det var ein fiskebåt på rundt 120 fot som var involvert. Politiet har vore i kontakt med skipper og styrmann på båten, og alt tyder på at tekniske problem har vore årsaka til samanstøyten. Det er ikkje mistanke om promille. Politiet vil oppretta ei undersøkingssak, seier operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt.

Køyrde på hjort

Ekspressbussen mellom Bergen og Trondheim køyrde i natt på ein hjort ved Mindresundet på riksveg 15 i Stryn.

– Hjorten sprang vidare og ingen personar kom til skade. No har viltnemnda teke over saka, seier Magnussen.

I Sogn har det vore ei svært roleg natt for politiet.

Artikkeltags