Politiet fekk klokka 00.20 natt til søndag melding om valdsbruk utanfor Meieriet i Sogndal.

Ein person vart utsett for vald, men vart ikkje alvorleg skadd, og det var ikkje behov for ambulanse, opplyser politiet på Twitter.

Det var også skote opp noko fyrverkeri på staden. Politiet rykte ut og fekk kontroll.