Klokka 12.23 vart det sett i gong ein redningsaksjon på Vindeggi, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Ein basehoppar er skårfast på ei fjellhylle. Basehopparen er bevisst og oppegåande, men kjem seg ikkje nokon veg.

Vedkomande blir henta ned av redningshelikopter.

Politiet opplyser til Sogn Avis like før klokka 15 at personen er henta og er frakta til Voss sjukehus for ein sjekk. Han var skadd, men bevisst då han vart henta ned.

Ulykka skjedde i samband med eit hopp.