Barneidretten i gang att frå 1. august

Frå 1. august vert konkurransar, cupar, stemner og seriespel for barne- og ungdomsidretten tillate att.

DEL

Dette gjeld utøvarar i aldersgruppa til og med 19 år og vil også inkludera kontaktidrettar, skriv Norges Idrettsforbund i ei pressemelding.

Det vil i første omgang bli tillate konkurransar innanfor same idrettskrins i tråd med dei nye regionane.

– Avgjera til regjeringa er utruleg viktig og ei sann lette for alle barn, unge og for heile idrettsbevegelsen. Det er ei klok avgjerd og vil bidra til å redusera risikoen for fråfall i barne- og ungdomsidretten. No har våre unge utøvarar verkeleg noko å sjå fram til etter fellesferien, seier idrettspresident Berit Kjøll i pressemeldinga.

Idrettsforbundet oppmodar foreldre, trenarar og andre vaksne om å oppretthalda og etterleva smittevernsråda, inkludert bestemmingane om ein meters avstand og gode hygienetiltak i samband med gjennomføring av idrettsarrangement.

– Ingen ynskjer å koma tilbake til ein situasjon de me får nye innskjerpingar og der det norske samfunnet går frå «gult» til «raudt» lys. Idretten skal vera ein føregangsaktør i den felles dugnaden for å redusera risiko for auka smittespreiing i samfunnet, seier Kjøll.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken