Balejazz er avlyst

AVLYST: Arrangørane av Balejazz opplyser at festivalen i Balestrand i mai blir avlyst.

AVLYST: Arrangørane av Balejazz opplyser at festivalen i Balestrand i mai blir avlyst. Foto:

Det blir ingen lystige jazztonar i Holmen i mai.

DEL

I alle fall ikkje i Balejazz sin regi.

– På grunna av utbrotet av koronaviruset, nye retningslinjer frå Folkehelseinstituttet og kommuneoverlegen i Sogndal kommune, har me dessverre måtta ta den tunge avgjerda å avlysa årets Balejazz, skriv Sigurd Kvikne, styreleiar i Balejazz i ei pressemelding.

Jubileum

Balejazz, som vert omtala som Verdas vakraste jazzfestival, skulle etter planen markert 30 års jubileum frå 1.- til 3. mai i år. Slik blir det altså ikkje.

– Me vonar å få ynskja alle velkomen til Balejazz 2021, heiter det i pressemeldinga.

Artikkeltags