Bålbrenning kom ut av kontroll – vart politimeld

DEL

Laurdag ettermiddag rykte brannvesenet ut til ein brann i terrenget i Feios i Vik kommune.

– Det var ein som skulle brenna nokre greiner, og så kom det ut av kontroll, fortel vaktleiar Frode Korneliussen på Alarmsentralen.

Det var aldri fare for verken folk eller bygg.

– Brannmannskap frå Vik fekk raskt kontroll over situasjonen då dei kom fram. No held dei på å kjøla ned området. Brannen er sløkt, seier Korneliussen ved 21-tida laurdags kveld.

Politiet rykte også ut til brannen. Dei skriv på Twitter at dei opprettar anmelding.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken