Kokevarsel er fredag sendt ut til alle abonnentar som er forsynte frå Stedje høgdebasseng, opplyser Sogndal kommune på nettsida.

"Me har funne intestinale enterokokkar i ei vassprøve frå høgdebassenget på Stedje. Difor vil me igjen be dykk om å koka vatn til drikke og matlaging fram til vatnet er friskmeldt. Me beklagar ulempene det fører med seg." heiter det frå kommunen.