Bakke er sandfast på Gran Canaria, men Bolseth er klar til å ta over

STEPPAR INN: Rune Bolseth styrer troppen som reiser til Estland.

STEPPAR INN: Rune Bolseth styrer troppen som reiser til Estland. Foto:

Rune Bolseth tek med seg laget som skal spela mot Flora Talinn.

DEL

Flora Talinn er det beste laget i Estland, og Sogndal møtte dei også i fjor. Då vann Flora Talinn 2-0 på Fosshaugane.

På sine facebooksider skriv Sogndal Fotball at Bolseth kanskje må vera hovudtrenar under kampen.

I eit videointervju seier Bolseth at Eirik Bakke sit fast på Gran Canaria. Der har sandstormen lamma flytrafikken dei siste dagane.

– Me får tru at Eirik er snart tilbake. Han er på Gran Canaria no og kjem ikkje seg derifrå, seier Bolseth, som ser fram til at Sogndal får spelt kamp att.

– No er det ei stund sidan kampen mot Tromsø. Det blir godt å få spelt kamp att, og øvd vidare på korleis me ønskjer å framstå, seier Bolseth.

Sogndal deler opp troppen, slik at det blir treningskamp både mot Flora Talinn og Florø denne onsdagen.

Artikkeltags