– Sogn Avis blir viktige i denne serien. Frå å ha levert labert heilt i starten til BAdesKen, har de vorte hoffleverandør av morosame og fine saker. De leverer vekentleg, nesten dagleg. Hels gjengen og sei at det er svært bra jobba, seier Ken André Ottesen, betre kjent som BAdesKen.
Saman med komikar og manusforfattar Paul Håvard Østby, som for tida er aktuell med showet Urbane totningar på Chat Noir, skal Ottesen laga ein ny nettserie for Amedia til hausten.
Konseptet er basert på Ottesens Instagram-konto, der han dagleg presenterer små og store saker frå lokale medium i Norge for ein stor følgjarskare.
– Sjåarane kan forventa seg eit kjendisfritt og underhaldande skråblikk på dagens Noreg. Me skal løfta fram fine, rare og morosame avissaker om heilt vanlege menneske som hamnar i uvanlege situasjonar. Ingen blir stemt ut og ingen skal krangla. Det blir reisereportasjar, kåringar, konkurransar og mykje tullball. Serien er ein godhjarta flik av røynda, slik den er for de aller fleste av oss. Den er av folket, med folket, for folket, seier Ottesen i ei pressemelding.
Sogn Avis er ein av lokalavisene som har figurert hyppig på instagramkontoen BAdesKEN, til liks med Firda og Firdaposten som også er eigde av Amedia.
Sogn Avis-favorittane
Og Ottesen treng ikkje lang tenkjetid når han blir utfordra til å koma med sine favoritt-saker frå Sogn Avis. Samtlege har gått sin sigersgang på Instagram-kontoen hans.
– Den om Grov 6 i Vik såg eg at VG hadde plukka opp. Sogn Avis hadde jo den for lenge sidan, seier han og tenkjer hardt.

Her ville ingen bu i nummer 6: – Det var ikkje den kjekkaste adressa å ha
– Er det favoritten?
– Eg veit ikkje. Den om han som klipte seg i Fjærland er veldig sterk, og den nakne ordføraren.

Fjærland i sjokk då Jan Peter kom i ny versjon: – Eg har ikkje klypt meg sidan 2014

Ordføraren kastar kleda for å lokka folk til bygda: – Håpar nokon blir frista
– Jo! Jo! No har eg det. Dette er litt fordi eg er journalist sjølv. Men det er den saka der firmabilen til Sogn Avis køyrde i grøfta. Og det første han som sat bak rattet gjorde var å ta bilete av bilen og senda inn til redaksjonen. Det er min favoritt.
– No var det faktisk ein tipsar som sende det biletet inn. Journalisten hadde sikkert gjort det om han fekk beskjed om det, men han hadde anna å driva med akkurat då.
– Han skaffa i alle fall ei sak. Her snakkar me om innsats, seier Ottesen.

Bil køyrde utfor vegen og trefte stein
Amedia satsar på nytt konsept
Førebels har mykje av Amedias videoinnhald omhandla sport og vore for abonnentar. BAdesKen derimot vil vera annonsefinansiert, og ope tilgjengeleg med reklame. Serien har premiere i september.
Jostein Larsen Østring, konserndirektør for nyheiter og abonnement, er glad for å kunne tilby dette innhaldet til alle Amedia sine aviser.
Går i 14 veker
– Ken André Ottesen sine blinkskot har vore diskutert i mange redaksjonar i Amedia. Mange av avisene våre synest det er stor stas når han tek tak i deira saker og titlar, i tillegg til at han har fått eit stort publikum også utanfor redaksjonane i heile landet. No får avisene sjansen til å publisera ei kvar veke i 14 veker i haust, og det gler me oss til, seier Østring.
Ken André Ottesen seier det kjennest naturleg å utvida BAdesKen til eit TV-format, og at dei i kvar episode vil ta føre seg det beste frå nyheitsveka i norske lokalaviser.
– Eg hadde 18 lukkelege år som lokalavisjournalist i Amedia-aviser. Eg har eit nært og sterkt forhold til lokalaviser, så det var heilt naturleg at me søkte samarbeid med landets største eigar av lokalaviser når me skulle gjera dette. I serien skal me visa at Norge ikkje berre er verdas beste land, men også det mest morosame. Heldigvis er det mange herlege, vanlege, artige folk i dette landet, seier Ottesen.
Serien har premiere i september, og Ottesen er klar for å koma seg rundt i landet.
– Eg skal reisa rundt og besøka favorittsakene mine, så de får berre gjera dykk klare. Eg skal til Sogn, for å seia det slik.