Både Sogn og Fjordane og Hordaland gjekk i pluss i fjor – men kveitebrødsdagane er over

KJEM GODT MED: Dei positive rekneskapsresultata kjem godt med i tida framover, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

KJEM GODT MED: Dei positive rekneskapsresultata kjem godt med i tida framover, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal. Foto:

Fylkesrekneskapen for 2019 syner eit samla overskot på 189,6 millionar kroner for dei to tidlegare fylka Sogn og Fjordane og Hordaland.

DEL

– Resultatet viser at det har vore god budsjettstyring både i Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar i 2019. Dette gjev eit godt utgangspunkt for drifta framover, sjølv om den underliggjande økonomien er krevjande med stor auke i driftskostnadene og høg lånegjeld, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal i ei nyhendemelding frå Vestland fylkeskommune.

Kjem godt med

– Me har mange viktige utviklingsoppgåver framfor oss i det nye fylket, så dei positive rekneskapsresultata kjem godt med i tida framover. Saman skal me byggja eit framtidsretta, nyskapande og berekraftig Vestland, understrekar Haugsdal.

Sogn og Fjordane fylkeskommunen sin rekneskap for 2019 viser overskot på 78,3 mill.kr. Det er godt over gjennomsnittet dei seinare åra.

Hordaland fylkeskommune hadde 111,3 mill. kr i overskot på 2019-rekneskapen. Driftsutgiftene i sektorane viser godt samsvar med tildelt budsjett.

Krevjande

Trass i det positive rekneskapsresultatet, har fylkeskommunen ein krevjande økonomisk situasjon.

Netto driftsresultat var i 2019 på 91,5 millionar kroner eller 0,9 prosent. Det er klart under den tilrådde norma på fire prosent.

Høg lånegjeld og auka kostnader med nye, miljøvenlege ferjer og miljøvenlege bussar frå 2019-2020, vil føra til auke i både drifts- og investeringskostnadene dei komande åra.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken