Redningsoppdraget vart avslutta laurdag kveld utan funn, og politiet melder klokka 19 at oppdraget går over i ny fase.
No handlar det om søk etter antatt omkomen, då det ikkje lenger er håp om å finna vedkomande i live.
Det var tips frå publikum laurdag ettermiddag som førte til leiteaksjonen. Ein person vart sett symjande i fjorden, og det vart oppfatta at vedkomande trengde hjelp.