Avslo vidare dispensasjon for brakkeleir

Publisert 10.06.2019 kl. 20.32.

Flåm As ønskjer å ha den mellombelse brakkeleiren på Lundaåkeren ståande i to år til, men Felles landbrukskontor i Aurland og Lærdal seier i eit administrativt vedtak nei til dette. Det skriv bladet Aurlendingen.


Flåm As søkte om dispensasjon frå jordlova slik at den mellombelse brakkeleiren på Lundaåkeren kan få stå fram til 31.12.21. I midten av mai vart dette administrativt avslege av landsbrukskontoret. Avslaget er påklaga av grunneigar, og klagen skal først handsamast av landbrukskontoret på nytt. Om dei held fast på vedtaket sitt, vil saka gå til Fylkesmannen for avgjerd.


Les meir om: Nyhende Notis Aurland