Avlyser skiskyttar-NM

Vik kommune har i samråd med kommunehelsetenesta og Folkehelseinstituttet avlyst skiskyttarfesten siste helga i mars.

DEL

– Noregsmeisterskapen er eit arrangement som ikkje er fornuftig å ha i desse tider, seier ordførar Roy Egil Stadheim.

Avgjerda vart teken på eit møte onsdag føremiddag.

Ikkje forsvarleg

– NM-deltakarar og støtteapparat kan vera smitta etter opphald i utlandet. Her i Vik vil det bli så mykje folk siste helga i mars at det ikkje vil vera forsvarleg å gjennomføra arrangementet.

– Me tek ein for laget, seier Stadheim og presiserer:

– Helsa er mykje viktigare enn alt anna.

I tillegg til ordføraren, deltok rådmann Øistein Søvik, kommunelege Helge Johan Bjordal og kommunalsjefane Marit Andersen, Geir Svendsen og Ole Petter Ramberg på møtet.

Artikkeltags