Avlyser gudstenester og legg restriksjonar på gravferder

RESTRIKSJONAR: Kyrkja avlyser alle gudstenester og innfører strenge restriksjonar på gravferder. Frå og med fredag får maks femti koma inn i kyrkja. Dei fyrste gravferdene etter dei nye restriksjonane er alt gjennomførde, som her i Årdal kyrkje på Tangen.

RESTRIKSJONAR: Kyrkja avlyser alle gudstenester og innfører strenge restriksjonar på gravferder. Frå og med fredag får maks femti koma inn i kyrkja. Dei fyrste gravferdene etter dei nye restriksjonane er alt gjennomførde, som her i Årdal kyrkje på Tangen. Foto:

Biskop Halvor Nordhaug avlyser alle gudstenester og innfører restriksjonar på kyrkjelege handlingar i Bjørgvin bispedøme, i fyrste omgang frå 12. til 26. mars.

DEL

Kyrkjerådet har innført tilsvarande restriksjonar i heile kongeriket.

Gravferder

Gravferd kan gjennomførast i kyrkjer og kapell med dei nærmaste pårørande til stades, maksimalt femti personar. Unnatak må godkjennast av kommunelegen.

– Talet er litt avhengig av storleiken på kyrkjene, og me må tenkja på avstand, ikkje berre sidevegs, men fram og bak, seier prost Geir Paulsen, og legg til:

– Med unnatak av dei største kyrkjene vil me ikkje koma opp i femti her i Sogn, og i dei minste kyrkjene er det nok snakk om maks tjue, inkludert dei kyrkjeleg tilsette og gravferdsagenten, og då er det berre dei aller nærmaste det er plass til.

I tillegg er det slege fast at tilsette ikkje skal handhelsa, og det vert oppmoda om å ikkje gje kondolansar ved grava.

Andre kyrkjelege handlingar

Også andre kyrkjelege handlingar vert påverka av restriksjonane.

Dåp kan gjennomførast dersom det er særleg grunn til det, i samråd med kommunelegen. Heimedåp kan vera eit alternativ, opplyser bispedømekontoret.

Vigsler (brudlaup) kan gjennomførast dersom det er særleg grunn til det, i samråd med kommunelegen. Kontorvigsle kan vera eit alternativ.

Konfirmasjonar

Mange lurer på om det vil bli konfirmasjonsgudstenester som planlagt i vår. Det er mogeleg at desse gudstenestene kan bli utsett, kanskje heilt til etter sommaren, men dette vil biskopen ta stilling til seinare.

Artikkeltags