Gå til sidens hovedinnhold

Avlyser all undervisning på campus i Bergen

Høgskulen Vestlandet har bestemt at alle tilsette i Bergen skal jobbe heimefrå framover.

Det opplyser rektor Berit Rokne i ei pressemelding.

- All planlagd fysisk undervisning ved campus Bergen vert avlyst i ti dagar framover, med bakrunn i Bergen kommune sine nye korona-tiltak. Me er med på denne dugnaden som byrådet no set i verk og må jobba saman for å unngå eit større smitteutbrot i Bergen, seier rektoren.

- Det vil så langt som mogleg bli lagt til rette for digital undervisning. Mange studentar er i praksis og skal i praksis dei næraste dagane.

Campus Bergen er framleis open for å ivareta stundentar som har vanskelege studieforhold heime.
For dei som oppheld seg på campus framover, er det avgjerande at smittevernreglane vert følgde.

Alle tilsette skal jobba heime fråframover og rektor seier at dei tilsette blir bedne om å avgrensa jobbreiseaktivitet til reiser som vert vurdert som heilt naudsynte.

Kommentarer til denne saken