Det går fram i ei pressemelding frå Vestland fylkeskommune onsdag.

– Etter fleire krevjande politiske saker og medieoppslag den siste tida, opplever eg ikkje lenger naudsynt tillit frå politisk side som avdelingsdirektør. Eg har difor bede om avløysing i stillinga, seier Rasmussen i pressemeldinga.

Han leia samferdselsavdelinga i tidlegare Hordaland fylkeskommune frå 2013 til 2019. Då Vestland fylkeskommune vart etablert i 2020 gjekk han inn i stillinga som avdelingsdirektør for området mobilitet og kollektivtransport mellom anna med ansvar for kollektiveininga Skyss og prosjektorganisasjonen Bybanen utvikling.

Rasmussen vil stå til disposisjon for fylkeskommunen fram til 31. januar 2023, blir det opplyst i pressemeldinga.

BA skriv at Rasmussen er den andre Bybane-sjefen som går av etter at milliardoverskridelsane på prosjektet til Fyllingsdalen blei klart.