Slik er stoda på fjellovergangane

OPNAR TRULEG 10.15: Skjermbilde frå fv 50 Aurland - Hol der det i morgontimane måndag var stengt grunna uvêr. (Webkamera/Statens vegvesen)

OPNAR TRULEG 10.15: Skjermbilde frå fv 50 Aurland - Hol der det i morgontimane måndag var stengt grunna uvêr. (Webkamera/Statens vegvesen)

Av
DEL

Måndag morgon var fv 50 Aurland- Hol stengt grunna uvêr, melder Vegtrafikksentralen. Det blei ny vurdering klokka 9 og vegtrafikksentralen opplyste då at vegen blir forventa opna klokka 10.15.Også rv15 Strynefjellet er stengt grunna uvêr. Fv 53 Tyin-Årdal er nattestengt til klokka 10 medan rv 7 Hardangervidda har kolonnekøyring.E16 Filefjell er ope, her blir det meldt om snø- og isdekke, stadvis redusert sikt. Klokka 05.30 var det 1 grad, frisk bris og lett snø. Fv 52 Hemsedalsfjellet er også ope. Her blir det meldt om 2 grader, laber bris og lett opphaldsvêr. Rv 13 Vikafjellet er ope, her er blir det meldt om 0 grader, laber bris og snøbyger.Hald deg oppdatert på ferske vegmeldingar frå Statens vegvesen.

Artikkeltags