Voss herad melder fredag morgon om eit femte tilfelle knytt til utbrotet i samband med 17.-mai helga. Alle som er smitta er vossingar. Smittesporet er kome til Voss frå Austlandet.
Så langt har dette påverka Vossestrand barne- og ungdomsskule, der ein elev har testa positivt. Førebels er det ikkje meldt om fleire smittetilfelle på skulen.
Vidare har utbrotet påverka eit treningssenter på Voss der deltakarane på to sal-timar må i karantene. Ein kohort i Regbogen barnehage må òg i karantene etter at eit av borna der fekk meldt ein positiv test på morgonen.