Auka inntektene med 167 millionar

SPANDERER: Administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane tek spanderbuksene på og løyver pengar til nettbrett for alle aldersheimar i Sogn og Fjordane via Sparebankstiftinga.

SPANDERER: Administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane tek spanderbuksene på og løyver pengar til nettbrett for alle aldersheimar i Sogn og Fjordane via Sparebankstiftinga. Foto:

Sparebanken Sogn og Fjordane leverte rekordresultat.

DEL

Resultatet før skatt enda på 696 millionar kroner, og det er rekord for Sparebanken Sogn og Fjordane.

Inntektene auka med 167 millionar kroner frå året før. Det sterke resultatet gir kraft til næringslivsfinansiering, skriv banken i ei pressemelding.

– For banken er det særleg viktig å understreka vår rolle som bank for næringslivet i Sogn og Fjordane. Gjennom 2019 auka banken utlåna til næringslivet vårt med 500 millionar kroner og det gode resultatet gir banken kraft til å satse vidare her i Sogn og Fjordane, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Utlånsveksten tyder også på at det er god aktivitet og investeringslyst i næringslivet. Utlånsveksten i privatmarknaden auka også i 2019 - med 2,1 milliardar kroner. Av dette kjem 1,4 milliardar i Sogn og Fjordane, ei auke på 6,7 prosent berre i Sogn og Fjordane.

171 millionar kroner av resultatet er sett av til gåver og utbytte til eigarstiftingane Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler, som igjen gir ut gåvemidlar til lokalsamfunnet.

Hovudlinjer per 4. kvartal 2019

• Netto renteinntekter 938 mill. kr (862 mill. kr)

• Resultat finansielle instrument 147 mill. kr (61 mill. kr)

• Driftskostnader 492 mill. kr (460 mill. kr)

• Tap på utlån 40 mill. kr (16 mill. kr)

• Totalresultat 553 mill. kr (459 mill. kr)

• Eigenkapitalavkastning 11,9 % (10,6 % p.a.)

• Kapitaldekningsprosent 19,8 % (18,4)

Artikkeltags