Åtvarer mot å drikka vatnet

Luster kommune informerer om at vatn frå private vasskjelder knytt til Dalselvi ikkje må drikkast.

DEL

Tysdag rann det ut store mengder husdyrgjødsel frå eit gjødsellager i øvre del av Dalselvi. Dette påverkar ikkje den kommunale vassforsyninga, men kan påverka private drikkevasskjelder som er knytt til vassystemet, melder Luster kommune på nettsida.

Kommunen ber dei som har slike private kjelder, kontakta kommunen slik at ein kan få oversikt over omfanget.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken