Åtvarar mot vanskelege køyreforhold: – Ein del slaps og vatn på vegane

Laurdag kan bli ein krevjande dag på vegane.

DEL

– Det er ein del slaps og vatn i vegane, så folk må ta det med ro, seier Ketil Molvær på Vegtrafikksentralen.

Han seier dei ikkje har fått så mykje klager, og han trur mykje vil regna vekk etter kvart. Sjølv opplevde han i dag tidleg at det er bart i sporet, men der trailerar har kasta litt slaps inn i sporet, blir det noko anna.

– Ein kjenner det fort at ein får litt kast i bilen. Folk må passa på å senka farten, seier Molvær.

Vegtrafikksentralen har fått inn melding om ein bil som har køyrt delvis av vegen mellom Indre Hafslo og Marifjøra, men det er passasje der.

På fjellovergangane kan det bli røft utover dagen.

– Det er meldt mykje vind og ein del nedbør, og så blir det kaldare. I dag tilrår me bilistane å køyra over Filefjell, seier Molvær.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken