Åtvarar mot glatte vegar: – No frys det på

Vegfarande må vera varsame utover kvelden.

DEL

– No har me påfrysing ein del stader, og folk må vera budde på at det kan bli glatt, seier trafikkoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen.

Han opplyser at entreprenørane no er ute og gjer tiltak.

Det er kome meldingar frå ulike delar av Sogn og Fjordane laurdag, men ikkje spesielt for indre strok enno.

– Det har vore mildt lenge, men no er det nede i ei par plussgrader og ned mot null. Sjølv om det er bart kan det verta glatt, seier Sleire.

Når entreprenørane er ute over så store område, rekke dei ikkje over alt samstundes, og Sleire minner om at det føraren sitt ansvar å køyra etter forholda.

Dei fleste fjellovergangane har hatt greie vegforhold, og også Vikafjellet har vore ope laurdag.

På fv. 53 Årdal-Tyin er det snøføyke og stadvis redusert sikt laurdag kveld, og fjellovergangen blir nattestengd frå klokka 22.30 laurdag til klokka 08.00 søndag.

Yr.no sine vermeldingar viser at temperaturen synk utover kvelden, og regnbygene vil koma som snø over 200-400 moh.

Artikkeltags