Drukningsulukker har allereie kosta 60 menneske livet, eit høgare tal enn drepne i trafikken, skriv NRK Vestland. 1 av 5 drukningar har vore elveulukker, syner tal frå dei fem siste åra frå Redningsselskapet.

– Å ramle uti ei elv kan vere livsfarleg. Det vil vere avgjerande med rask redning. Folk må vise varsemd i og ved rennande vatn, seier Ove Haugen i Eid Røde Kors.

Jakta på rett kameravinkel eller fylling av vassflasker på tur kan få katastrofale følgjer.

Elveredningsgruppa i Røde Kors håpar at førebyggjande arbeid vil kunne redusere talet på redningsaksjonar. Likevel kan ei mørk og glatt årstid føre til farlege situasjonar.

– Om nokon dett uti, er det viktigaste å få varsla, og deretter prøve å redde personen utan å setje seg sjølv i fare, seier Haugen.

(©NPK)