Åtvarar mot betydeleg skredfare

DEL

Varsom.no varslar betydeleg skredfare for Indre Sogn og Jotunheimen fredag.

– Det fins vedvarande svake lag i snødekket. Regn og varme høgt til fjells gir aukande fare for våte laussnø-og flakskred. Ver merksam på fare for skavlbrot.

Det var også varsla betydeleg skredfare i Sogn for torsdagen, og på varsom.no sine nettsider er det lagt inn fleire observasjonar knytt til skredaktivitet Kristi Himmelfartsdag.

Skredfaren er betydeleg fredag også for Indre Fjordane.

Artikkeltags