FEKK REISELIVSPRISEN: Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten har fått reiselivsprisen 2019 for Sogn og Fjordane. (Pressefoto)

Attraktiv pris til bremuseet

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten har fått Reiselivsprisen for 2019.

Publisert 07.11.2019 kl. 13.26. Oppdatert kl. 13.27.

Denne vart utdelt på reiselivskonferansen «Fjordane frå Bre til Hav», som gjekk føre seg i Loen denne veka. 


I ei pressemelding frå museet går det fram at konferansen vart arrangert av Innovasjon Norge, Fylkesmannen i Vestland og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Sparebanken Vest delte ut prisen på 50.000 kroner. 


- Me er stolte og audmjuke over å ha motteke Reiselivsprisen for 2019 i Sogn og Fjordane, heiter det i pressemeldinga. 


Det var styreleiar Atle Nesje som tok imot prisen. 


13 språk

Bærekraftig profil, økonomisk utviking, grad av samarbeidsorientering, innovasjonsgrad, marknadspotensiale og adventure-profil var kriteria kandidatane til prisen vart vurdert etter. 


For museet og senteret i Fjærland er målt å spreia kunnskap om brear og klima på ein spektakulær og spennande måte. Vidare har den strategiske bruken av spennande arkitektur og design gjort til at verksemda har vorte eit reisemål i seg sjølv. Det blir også trekt fram at vinnaren sidan etableringa i 1991 har hatt sunn økonomi og evne til å fornya seg. 


- Det å ha mange flotte gjester frå ulike delar av verda har gjort at me måtte ta grep for å kunna formidla til alle. Ein ting me trur me har gjort rett var å innføra fleire språk i utstillingane. Me har no 13 ulike språk slik at dei aller fleste skal kunna forstå det me formidlar, seier direktør John Brekke. 


 


Spektakulær film

I pressemeldinga går det fram at attraksjonen i Fjærland jobbar med ein av verdas mest spektakulære panoramafilma. 


- Å koma ut med ny fil metter så mange år er viktig for oss som også er eit autorisert besøkssenter for Jostedalsbreen nasjonalpark. Me driv oså med viktig naturvegleiing for barn og unge og formidlar verneverdiane eilt nasjonalparken. 2020 vert eit spennande år for oss, seier Brekke i presemeldinga. 


Les meir om: Nyhende Reiseliv Sogndal