– Leikanger er eit godt samfunn. Me er tekne godt i mot.
Eit omskiftande liv har ført Renate K. Johansen til Leikanger og det karakteristiske tyrolarhuset høgt oppe i Sjurli med magisk utsikt over Sognefjorden langt der nede.
Eit liv som rommar både traume, overgrep, kreft og eteforstyrringar, men òg livsglede, tilgjeving, eit gryande forfattarskap og ungar.
Mange ungar.
For det er ikkje berre Renate som bur i huset i Sjurlia, det må understrekast. Under same tak finn me mannen Leif Erik Johansen og ikkje mindre enn seks ungar i alderen åtte til 14.
I tillegg har Renate to born frå eit tidlegare forhold. Dei bur og jobbar rett nok andre stader i landet, men produksjonen er godt over gjennomsnittet.
At bilen utanfor har ni sete er berre sånn det må vera. Når alle ungane er heime er det framleis ein som må ta bussen, eller gå.
«Er du gal?»
At det blei Leikanger kan i stor grad skrivast på kontoen kalla «det vart berre sånn». Sommaren 2020 vart leigekontrakta på huset dei budde i på Hamar sagt opp. Dei hadde to månader på seg til å finna noko nytt.
– Me fann fram kartet og spurde oss sjølve: «kvar skal me?», ler Renate.
Kartlesing i kombinasjon med Finn-søk førte Renate på sporet av huset på Leikanger.
– Eg fekk ein god følelse av annonsen, det var noko med lyset. Eg kjende det var godt.
Husbonden sin reaksjon då Renate lanserte forslaget om eit tilvære som vestlendingar, var spontan:
«Er du gal?»
– Situasjonen var slik at det hasta med å finna noko, så me fann ut at me kunne testa det.
– Livet var «dritt»
Renate og sjukepleiaren Leif frå Hamar møtte kvarandre i Narvik i 2007.
– Me var vel begge litt på søken på denne tida. Eg meir enn Leif. Me fall pladask begge to og gifta oss nyttårsaftan same året. Då byrja eventyret vårt, fortel Renate som gjekk inn i forholdet med mykje bagasje.
Ein barndom og ei ungdomstid som ikkje hadde vore slik den burde, hadde sett sine spor.
Renate vaks opp i eit kristent miljø, med ei mor og ein far som ikkje hadde det bra i samlivet, ein kvardag prega av alkoholisme, psykiske overgrep og vald. I tenåra vart ho òg utsett for fleire overgrep.
Som eit resultat av dette var tjueåra prega av dårleg, sjølvtillit, angst og eteforstyrringar.
– På denne tida tykte eg livet var «dritt», er den klare dommen.
Venta med behandling
Etter at Leif kom inn i livet hennar har det meste snudd til det betre. Opp og ned har det gått, men stadig rette vegen.
Eit halv år etter bryllaupet kom deira første felles barn. Etter det kom dei som perler på ei snor.
– Det var det me ønska. Me ville ha mange barn.
Då Renate gjekk gravid med tvillingar fekk ho konstatert kreft.
– Legane visste ikkje heilt kva dei skulle gjera. Både cellegift og fullnarkose ved ein eventuell operasjon kunne påverka, eller i verste fall drepa tvillingane i magen.
Renate tok ei avgjerd som i verste fall kunne ha kosta henne livet.
– Eg valde å venta med behandlinga til etter fødselen.
Det gjekk bra. Heile svulsten vart operert ut og det var ikkje behov for noko form for behandling i etterkant.
Sørover
Då unge nummer åtte var på veg kom dei til eit vegskilje.
– Me budde på 108 kvadratmeter med tre soverom og fann vel rett og slett ut at dette ikkje gjekk lenger, seier Renate.
Eit ønske om å komma nærmare sviger- og besteforeldre på Hamar gjorde at heile flokken vende nasen sørover.
– Det var litt av ein flyttesjau, mimrar Renate.
Flyttelasset vart sendt i førevegen. Ei høggravid Renate, Leif og sju ungar etter i bil. Dei fleste småbarnsforeldre gyser sikkert litt ved tanken her. Det er langt frå Narvik til Hamar.
Storm
Kva gjer ein då?
Hurtigruta var eit naturleg val. Då sparar ein køyring.
– Det blæs full storm begge dagane, ler Renate og held fram:
– Eg var sjøsjuk, ungane var sjøsjuke. Båten rulla slik at eg måtte stå og halda fast reisesengene. Magen min var så stor at eg ikkje kom meg inn på doen ...
Akkurat den turen ler familien truleg meir av no enn då det sto på.
– Vore vanskelegast for meg
Hamar er eit avslutta kapittel, så langt har Leikanger bestått testen.
– Det er klart det var ein stor overgang. Ungane har funne seg bra til rette. Nokre sorgreaksjonar har det vore, det er naturleg, meiner Renate.
Den som har slite mest med overgangen frå større forhold, er faktisk Renate.
Ho har alltid vore heime med ungane, men austanfor var det lettare å fylla dagane med ting som gav livet meining.
– Det er nok for meg det har vore vanskelegast å flytta til ein liten plass, ja. Før kunne eg gjera som eg ville, driva med ting eg hadde lyst til.
Forfattarskap
Løysinga?
Renate byrja å skriva. Tilpassingsvanskane hennar enda med at ho i dag kan kalla seg forfattar, med to nyutgjevne bøker på cv-en.
Viss ein skal vera heilt nøyaktig er det vel ei bok og eit sjølvhjelpshefte.
– Det har vore ein berikelse for meg. Eg har alltid hatt eit sterkt ønske om å hjelpa andre, det har eg hatt sidan eg var liten, seier ho.
Med utgangspunkt i eige liv og eigne erfaringar håpar ho at andre kan finna strategiar som hjelper dei i livet.
– Eg blottlegg heile historia min, reflekterer over eige liv og gjev min historie.
Jobb
Ønsket om å hjelpa har prega mange av livsvala hennar. I ungdommen tok ho utdanning innan pleie og omsorg og hadde fleire ulike jobbar i denne sektoren i løpet av tjueåra.
I vaksen alder har Renate utdanna seg til, i mangel av eit godt nynorskord, «helhetsterapeut». Fokus er på å behandla heile mennesket med individuelt tilpassa behandlingsformer.
– Eg tilbyr mellom anna coaching, kosthaldsråd, intoleransetesting og stressmeistring, fortel Renate.
Via Facebook-sida si tilbyr ho òg tenester som mange nok vil karakterisera som endå meir alternative, til dømes healing og husreinsing.
– Borna er den største gåva i livet mitt
Det mange kanskje lurer på er korleis ein kvardag med ein såpass stor ungeflokk går opp. Renate legg ikkje skjul på at det tidvis kan vera krevjande.
Men det går.
– Det handlar mykje om strategiar. Ein må ha rutinar, til dømes om morgonen, ettermiddagen eller rundt måltid. Logistikken må vera på plass. Det går, men av og til er det mykje stress og pulsen er høg, seier ho med eit smil.
Renate er likevel klar på at dette er noko ho ikkje ville vore forutan.
– Borna er den største gåva i livet mitt. Den største rikdommen. Aller mest går det i kos og glede her i heimen, understrekar ho.
Tilgjeving
Som kristen er tilgjeving og kjærleik viktig for Renate. Ho kan fortelja at ho, trass i ein vanskeleg oppvekst, har eit godt forhold til foreldra sine i dag.
– Eg har kjent på både hat, bitterheit og sinne i periodar i livet, men har teke eit val om å vera i den sunne delen av meg sjølv. Eg har tilgjeve dei, eg bestemte meg for å tilgje dei, seier Renate og held fram:
– Det er den største lærdomen i livet mitt: eg har lært meg at tilgjeving er det største ein kan ha. Viss ein ikkje kan tilgje så går ein og ber på bitterheit og sorg. Det blir ein sjuk av.
Vil ikkje vera offer
Ho er tydeleg på at ingen skal få lov å tykkja synd i henne på grunn av den barndommen ho hadde.
– Det er den barndommen som har gjort meg til den eg er i dag. Ein må ikkje gå med traume, dei kan helbredast. Eg kan ikkje gå og vera sint. Jo meir kjærleik eg gjev til meg sjølv, jo betre har eg det.