ÅRDAL-KVARTETT: Det er fire årdøler i den 19. episoden av Radl om badl, i form av Endre Romøren, Christian Stedje, Truls Hovland og Morten Sortland. (Foto: Ivan Øy)

Lasagneforma som gjekk på fjorden, munnkorg, Krosshaug-tunnel og snowboard-skade

Årdal FK-duoen Truls Hovland og Christian Stedje er gjester i den nye episoden av Radl om badl.

Publisert 07.06.2019 kl. 14.00. Oppdatert kl. 18.20.

Dei raude frå industribygda toppar 4. divisjon etter sju serierundar, med Hovland og Stedje som markante brikker både på og utanfor bana.


Me har snakka med Hovland om tida i Sogndal og Florø, om kvifor han spelar 4. divisjon i heimbygda i staden for å vera på eit høgare nivå, om lasagneforma som blei kasta på fjorden i staden for å bli reingjort, og han fortel om då han fekk munnkorg etter det velkjende intervjuet i etterkant av serieopninga mot Hallingdal i 2016.


Stedje mimrar attende til då han var på G17-landslaget med ein fyr som heiter Rune Almenning Jarstein, han fortel om stemninga i heimen då han braut handa på snowboard i det fotballkarrieren var i ferd med å ta av, og han vedgår å ha fått tunnel på seg frå Nils Tore Krosshaug. Det blir óg nokre historiar om Åge Sem-Johansen.


Stedje gir dessutan terningkast på fotballkvalitetane til Endre Romøren - dei har spelt saman i 6. divisjon - og Morten Sortland får testa seg i ein quiz om gjestene.


Episoden kan høyrast i iTunes og SoundCloud.



 


Siste saker Gå til framsida