FIKSA BIFFEN: Jerome Akor Adams og Sigurd Haugen fiksa alle tre scoringane for Sogndal i dagens siger over Strømmen på Marbella. (Foto: Rune Sjøberg)

Bakke fekk det han ønskte seg frå spissane sine

Sigurd Haugen og Jerome Akor Adams var heite då Sogndal vann 3-0 mot Strømmen på Marbella søndag.

Publisert 10.03.2019 kl. 15.48.

 


- Det blir viktig at spissane våre får seg nokre mål, det gjev sjølvtillit, sa trenar Eirik Bakke til Sogn Avis før avreise til den spanske solkysten.


Det ønsket gjekk i oppfylling i søndagens møte med divisjonskollegaen. 13 minutt ut i oppgjeret fyrte Joachim Soltvedt av frå 18 meter, ein Strømmen-spelar køyrde ein Paris SG-hands like innafor 16-meteren, og domaren peika på straffemerket. Derfrå var Jerome Akor Adams sikker, sende keeper feil og breisida inn 1-0.


 


4-3-3

Sogndal flagga ein retur til 4-4-2 framfor årets sesong, men har spelt 4-3-3 i dei tre siste kampane - for å få plass til spisstrioen Adams, Sigurd Haugen og Martin Ramsland.


Sogningane sleit med å finna rytmen i første halvdel av omgangen, men etter kvart blei det meir dreis over det. Steffen Ernemann styrte presshøgda og spelet med den gode pasningsfoten sin, medan Soltvedt stadig hadde gode involveringar frå sin posisjon som venstre indreløpar. Ti minutt før pause kombinerte Sogndal fint på høgresida, og spelte inn til Soltvedt sentral i bana. Han drog seg fri og fyrte av med høgrefoten, og sette kula like utanfor venstre kryss.


 


Sleit i starten - scora to

Nemnde Haugen fekk ikkje ting til å stemma som venstre spiss i første del av omgangen, men også han fann meir ut av det etter kvart.


Seks minutt før pause jobba han seg til ballen mellom to Strømmen-spelarar, sette fart mot mål og dunka sikkert 2-0 i nettet. Kort tid etter blei han fint spelt fri av gode Soltvedt, og vippa ballen over keeper, før den blei stoppa på streken.


 


Mønsterangrep

Andre omgang byrja rotete på ny for Bakke sine menn, der spelarane blei prega av Strømmen sitt høge press og ofte valde den enkle løysinga med å dunka ballen opp.


Men etter 20 minutt sat nesten dagens tredje. Haugen fann innbytar Alioune Ndour med ein fin crossar, senegalesaren runda keeper, men fekk for skrå vinkel og avslutta i nettveggen.


Kvarteret før slutt ordna trioen Soltvedt, Adams og Haugen 3-0 med eit mønsterangrep. Førstnemnde sette fart inn i mellomrommet, spelte Adams i gjennom, han slo på tvers til Haugen, som enkelt trilla ballen i tomt bur.


Sogndal spelar ny kamp i Spania komande onsdag, mot eliteserielaget Kristiansund.


Siste saker Gå til framsida