Gustav Valsvik (28) debuterer for Noreg i kveldens VM-kvalifiseringskamp mot Nord-Irland - med brørne Aleksander, Kristoffer og Marius på tribunen. (Foto: Terje Målsnes)

Valsvik debuterer for Noreg - med brørne som heiagjeng

Gustav Valsvik (23) spelar frå start for Noreg mot Nord-Irland i kveld. Der får han støtte frå kjende fjes på tribunen.

Publisert 26.03.2017 kl. 18.53. Oppdatert kl. 20.36.

Midtstopparens tre brørne Marius, Aleksander og Kristoffer har teke turen til Belfast, der dei vil følgja brorens landslagsdebut "live" på Windsor Park.


- Me gav det ti i odds at han ville få spela frå start, og tok sjansen på å ta turen. Det ser ut til at me får bra gevinst på det spelet, seier Marius Valsvik på telefon til Sogn Avis frå Belfast.


Ikkje nervøs

TV2 melde tidlegare i ettermiddag at Valsvik er aktuell for ein startplass i midtforsvaret saman med Even Hovland (28).


- Å få høyra at broren din skal debutera på landslaget er ei stor oppleving. Me er utruleg stolte av han, seier Marius.


- Korleis var han? Nervøs?


- Nei, Gustav var roleg, slik han alltid er. Sjølv om det er store ting på gang er han alltid avbalansert. Det var meir me som var i 100 enn han, ler nest eldstemann i brødreflokken.


- Ekstrem vinnarmentalitet

Han peikar på veslebrorens vinnarmentalitet som hovudårsaka til at han debuterer med flagget på brystet om nokre timar.


- Den har alltid vore ekstrem i Valsvik- og Hovland-familien (dei fire er syskenborn med Stig Roar og Robert Hovland, journ. anm). Der har me, og Gustav spesielt, alltid skild oss ut. Han er alltid ekstremt på, og gjev 110 prosent uansett . Det gjeld også når han er heime og trenar med Vik i feriane. Med Gustav er det alltid all-in, seier Marius Valsvik til Sogn Avis.


Alle brørne er habile fotballspelarar, men det blei tidleg klart at Gustav var den som ville koma lengst av dei fire.


- Han var større enn oss, utvikla seg tidleg og har nokre ekstremferdigheiter me andre ikkje fekk. Me har "pusha" kvarandre gjennom oppveksten, og det er utruleg stort at han no skal debutera på landslaget.


Inspirasjon

Kveldens kamp byr altså på to sogningar frå start for a-landslaget til Noreg, i ein viktig VM-kvalifiseringskamp.


- At det er fleire sogningar på landslaget enn på Sogndal er ganske spesielt. Det viser at det er mogleg å koma langt, og eg håpar dette er til inspirasjon for unge fotballspelarar frå Vik og elles i fylket, seier Marius Valsvik framfor Gustav Valsviks a-landslagsdebut.


NB: Under eit portrettintervju med Sogn Avis i januar fortalde Valsvik at det neste målet hans var å koma seg inn på a-landslaget.


- Landslaget er eit mål for meg. Eg håpar det skjer snart, og eg veit at eg er i vasskorpa, sa han då.


Les meir om: Sport Fotball Vik