Han tok feil av sløyfene.

Han kasta seg inn i den siste, men skulle etter reglane ha gjort den første. Dermed var det inga bønn, Johannes Thingnes Bø måtte diskast.

Publisert 24.09.2016 kl. 18.39.

Og eit entusiastisk publikum på Vik skistadion kunne berre gløyma søndagens store attraksjon, Johannes Thingnes Bø i jaktstartløypa.

 

For reglar er til for å følgjast og stryningen hadde så visst ikkje dagen sin. Han gjekk ut som ein tornado under laurdagsne sprintdistanse i Rulleski-VM i Vik. Men feil sløyfe er feil sløyfe og favoritten måtte berre sjå langt etter eit NM-gullet han hadde i sikte.

 

Undervegs blei det klart for stryningen at han hadde gjort ein feil, difor kompenserte han også ved å gå tilbake og gjera den sløyfa han hadde teke feil av, såleis er det klart at han gjekk like langt som dei andre.

 

Johannes Thingnes Bø sa til Sogn Avis før start at han var særs motivert for å henta heim gullet frå Vik. Etterpå deppa han forståeleg nok, men han fekk visse for eitt, han er der han skal framfor vintersesongen.

 

Noregsmeisteren på sprint rulleskiskyting 2016 heiter Erling Aalvik, som var inne før Erlend Bjøntegaard og Aasmund Kjøllmoen Steien.

 


Siste saker Gå til framsida