Flatland gjer comeback på heimebane i helga

Ann Kristin Flatland (33) stiller inn siktet og gjer comeback på heimebane i helga.

Publisert 22.09.2016 kl. 13.25. Oppdatert kl. 13.34.

Då stiller ho til start under sommar-NM i skiskyting, der Vik er arrangør.

Flatland la skia og geværet på hylla etter 2014-sesongen, men har bestemt seg for å delta når heimklubben er vert for det som markerer starten på skiskyttarsesongen.

– Førebilete

Det er til stor glede for arrangøren, som i desse dagar gjer den siste finpussen før det brakar laus med heile noregseliten på plass.

– Det er stor stas. Ann Kristin har betydd mykje for skiskyttarmiljøet i Vik, både når det kjem til rekruttering og motivasjon for dei unge utøvarane på veg opp, seier leiar i skiskyttargruppa i Vik Idrettslag, Trude Undebakke.

– Og ho har ikkje berre betydd mykje for Vik. Gjennom sitt vinnande og positive vesen er ho eit førebilete for skiskyttarar i heile landet. No får dei gå mot ho, så ho kastar utan tvil ekstra glans over dette arrangementet.

Stjernene kjem

Flatland er ikkje det einaste store namnet som står på startstreken under sprinten laurdag og jaktstarten dagen etter.

På damesida stiller OL- og verdsmeisteren Tiril Eckhoff, der ho mellom anna får selskap av landslagskollega Hilde Fenne og Jori Mørkve. For herrane er dei fleste stjernene på plass, i form av Tarjei Bø, Johannes Thingnes Bø, Emil Hegle Svendsen og Henrik Labee-Lund. Berre Ole Einar Bjørndalen av dei «store» manglar.

– Det er kjempeviktig at eliten stiller i NM. Det er også kjekt for dei andre som ikkje er på landslaget å få matcha seg mot dei beste. Det gjer godt for rekrutteringa, seier Undebakke.

Klubben ho er leiar for stiller sjølv med 12 utøvarar på startstreken, som skal måla seg mot dei beste.

– Det er ekstremt gode tal for ein kommune med under 3.000 innbyggjarar. Og me har mange nye på veg oppover. Det gror godt, seier Undebakke.

Håpar på mange

Laurdag tek meisterskapen til. Dermed er det berre den nemnde finpuss som står att desse siste dagane. Sommar-NM er eit stort arrangement, og då hjelper det på å ha gjort det éin gong før – i 2009.

– Den erfaringa me har med oss frå den gongen er uvurderleg – sjølv om det er større krav til oss no, i form av det tekniske rundt internett, storskjerm og streaming, seier Undebakke, som oppmodar folk om å ta turen til Vik Skisenter i helga.

– Me håpar mange kjem og bidreg til at me får fulle tribunar på arenaen. Me veit at utøvarane set pris på dette, å ha folk som heiar dei fram, seier ho.

Les òg:


Siste saker Gå til framsida