Brettar opp ermane for sommar-NM

– Me er i rute, seier Trude Undebakke.

Publisert 01.09.2016 kl. 16.37. Oppdatert kl. 13.26.

Skiskyttarsjefen i Vik snakkar om sommar-NM i rulleskiskyting på skianlegget på Kålsete som går av stabelen 23. til 25. september.

Stort løft

Heilt sidan Vik IL fekk tildelt meisterskapen i fjor vår, har det blitt jobba på spreng for å ha alt klart til meisterskapen.

– Det er eit stort løft for eit lite lag?

– Det er eit kjempeløft. Me har bygt ut stadion med seks skiver, til totalt 31 skiver, som me var nøydde til for å få dette arrangementet. Og me har utvida løypenettet vårt. Det er ei stor utfordring for eit lite lag, men me er så heldige at me har so mange flotte folk som jobbar enormt med dugnad. Me har eit næringsliv med entreprenørar og andre som stiller opp og gjer ein kjempejobb for laget for å få dette til å gå i hop, seier Trude Undebakke, leiar i ski og skiskyttargruppa i Vik IL.

Og ho legg til: – Me er heilt avhengige av stor dugnadsinnsats og gode sponsorar. Det har me.

Storinnrykk

No håpar ho vêret spelar på lag med arrangøren under meisterskapet og at mange frå Sogn og heile fylket møter opp og gjer NM til ein skikkeleg folkefest.

Og alle som møter opp får eit gjensyn med to kjende skiskyttarprofilar som begge har lagt toppidretten på hylla.

– Ann Kristin Flatland stiller til start, det same gjer Jori Mørkve. Det er ekstra kjekt, seier Undebakke.