Unge spirer vil til topps

Over 100 born var innom rekrutteringsstanden då Norges Skiskyttarforbund vitja Vik laurdag.

Publisert 06.06.2016 kl. 08.26. Oppdatert kl. 08.29.

Skiskyttarforbundet vitjar ti utvalde stader i landet der skiskytinga står i fokus. Prosjektet som har namnet «Spenning i Sikte» har som mål å presentera og rekruttera inn mot sportsgreina.

Ivrige unge

Sogn Avis møtte Ingrid Vangsnes og Ingeborg Indrehus, som var i full gang med å koma seg gjennom dei ulike aktivitetspostane under rekrutteringsstanden. Begge tiåringane trenar skiskyting aktivt. Dei forklarar det sjølve slik:

– Skiskyting er moro, det er god stemning når ein treff blink. Eg har trena i tre år. og i vinter som var gjekk eg fem renn. Målet er å få seg ein «diamant». Då må ein skyta fort på ein liten blink, forklarar Ingeborg.

Verdas beste

– Eg har trena i eit år. Og gått eit par renn i vinter som var. I tillegg til skiskyting så trenar eg fotball. Eg vil bli god i begge deler. Ein må uansett trena mykje både på skytinga men også bli god og rask på ski, seier Ingrid.

– Kor gode skal de bli då?

– Eg skal bli verdsmeister. Like god som den beste, kanskje betre. Den beste er Ole Einar Bjørndalen, er det konkrete svaret frå Ingeborg.

 

Flinke i Vik

I følgje breidde og rekrutteringssjef i skiskyttarforbundet Marian Lyngsaunet, er ikkje utan grunn at Vik har blitt plukka ut som ein av dei ti stadene i landet.

– «Spenning i Sikte» går ut på at dei 180 klubbane i landet har fått tilbod å søkja om besøk frå forbundet. Der me plukkar ut ti av desse. Me ynskjer at Vik skal fortsetta det gode arbeidet som klubben legg ned, når det gjeld arrangement og tilrettelegging, men også drive rekruttering. Akkurat det som dei er gode på, seier ho.

Høgt snitt

Vik er ein liten stad men med ein stor klubb. Vik si skiskyttargruppe blir lagt godt merke til sentralt for jobben ein har gjort.

– Det er om lag to tusen registrerte utøvarar totalt i dei forskjellige klassane over tretten år her i landet. Gjennomsnittet ligg på ti personar i kvar klubb. Vik har 22 aktive, og ein total på nesten femti utøvarar. Det aktive miljøet både i løypene, på standplass og som arrangør blir lagt merke til lokalt, forklarar Lyngsaunet.

Nøgd leiar

Leiar i skiskyttargruppa til Vik IL, Trude Underbakke er godt nøgd med at idrettslaget blei plukka ut som eine stoggestaden. Men var spent på om mange tok turen ein varm sommardag.

– Eg var spent på om det dukka opp mange. Men når me tel opp så må me vera veldig nøgd. Det har vore godt over eit hundre born innom standen. Det var faktisk kø når me starta opp. Så det er over all forventning. Det syner eit godt engasjement og at Vik framleis har store moglegheiter til å hengje med som ein av landets markante klubbar. Miljøet i Vik er stabilt, men me treng alltid meir rekruttering. Då hjelper det mykje med at forbundet kjem på besøk og hjelper oss med å syna oss fram, seier Underbakke.

Gåvedryss

Utan om sjølve standen hadde skiskyttarforbundet med ei gåve til Vik. Klubben fekk eit nytt gevær, ti sett med bindingar, fem par junior og fem par senior rulleski. Den totale verdien er på langt over seksti tusen kroner.

– Ei slik gåve er heilt fantastisk. Eg er mest mållaus. Utstyret blir utruleg viktig i rekrutteringsarbeidet og tilbodet vårt framover. Seksti tusen er mykje pengar for eit lag som oss. Og utstyret gjer det enklare for oss i rekrutteringsarbeidet, seier ei glad Trude Underbakke.