Slik skal dei få borna interessert i skiskyting

Komande laurdag står skiskyting i fokus i Vik sentrum.

Publisert 03.06.2016 kl. 00.01.

Då arrangerer ski- og skiskytinggruppa i Vik Idrettslag og Norges Skiskytterforbund «Spenning i sikte».

Forbundet kjem med smøretraileren til landslaget, og har med seg ei rekkje skiskyting-relaterte aktivitetar.

– Målet med arrangementet er å inspirera born og unge til å bli interessert i skiskyting. Det handlar om å visa fram sporten, med mål om auka rekruttering og interesse for sporten hjå komande generasjonar, seier leiar i Vik ski- og skiskyting, Trude Undebakke.

Presisjon

Deltakarane får høve til å vitja landslagets velkjende og velutstyrte smøretrailer, i tillegg er det lagt opp til ulike øvingar som kan linkast direkte­ til idretten.

– Det blir ulike oppgåver som går på presisjon, konsentrasjon og koordinasjon – som er viktig når ein driv med skiskyting. I tillegg blir det høve til å skyta med laservåpen, seier Undebakke.

«Spenning i sikte» er ein turné forbundet reiser på kvart år, og som Vik fekk innpass i etter å ha sendt søknad.

– Dette er ein kjempeflott måte for oss å setja fokus på idretten vår og visa fram skiskyttarklubben i idrettslaget, seier ho.

Fleire kommunar

Vik har gjennom fleire år bygd seg opp som leiande på skiskyttar-sida i Sogn, med stor aktivitet og utøvarar i landstoppen.

Klubbens sterke posisjon gjer at også skiskyttarar frå andre kommunar no ser mot Vik.

– Me har utøvarar frå Sogndal, Årdal, Lærdal, Gulen og Masfjorden, som er med oss på samlingar og konkurransar. Me ser gjerne at fleire melder seg på også, og oppmodar difor om å koma på laurdag, for å sjå korleis me har det i skiskyttarmiljøet vårt, seier Undebakke.