Medaljedryss til vikjene

Eitt gull, tre sølv og to bronse er fasiten til Vik sine skiskyttartalent etter to dagar på Vestlands-meisterskapet.

Publisert 19.01.2016 kl. 15.34. Oppdatert kl. 18.16.

Vikjene imponerte stort under flotte forhold på Voss ski- og tursenter denne helga.

– Eg er veldig godt nøgd med innsatsen til alle som deltok, seier Jorunn Åsfrid Røyrvik, leiar i ski og skiskyttargruppa i Vik.

God innsats

Eirik Indrebø (G15) kjem frå Årdal, men går for Vik IL. Han tok sølv på sprinten søndag, medan Anne Birthe Rinde (J14) tok sølv på normalen laurdag og bronse på sprinten. Silja Fjærestad Hønsi (K20-21) klinte til med gull på normalen og sølv på sprinten. Lasse Virkesdal kjem frå Gulen, men har gått for Vik i mange år, han tok bronse i normalen.

– Lasse bur og trenar i Voss, men går for Vik og er godt inkludert i vikjamiljøet. Dessutan er han ein god resurs for våre juniorar, skryt Røyrvik.

Treffsikre

Rinde, Indrebø og Erling Finden (G14) fekk også kvar sin diamant frå kretsen denne helga etter å ha skote ti treff. Anne Birthe hadde ingen bom på normalen, og Eirik og Erling gjorde det same på sprinten.

– Kjekt

Røyrvik seier dei plar å vera mellom 180 og 200 løparar på Vestlandsmeisterskapet, men denne gongen var det litt færre.

– Litt fråfall var det på grunn av sjukdom i dei eldste klassane, og det var litt kaldt på Voss ski- og tursenter på Herresåsen denne helga, men ikkje verre enn at konkurransane kunne gå som planlagt, seier ho.

God breidde

Vik stilte med 22 løparar laurdag og om lag 20 løparar søndagen.

– Vestlandsmeisterskapet er alltid kjekt og det er noko me kan byggja vidare på. Her møter du fleire utøvarar enn dei du vanlegvis møter elles. Det fører til meir motstand og at spenningsmomentet er litt høgare enn vanleg.

– Me er godt nøgde med breidda i laget og at me har med oss nybyrjarar heilt ned i sjuårsalderen, som gjekk sitt første løp med like stor innsats som dei eldre, og at me har med oss alle alderssteg opp til seniornivå, seier ho.