No får kyrkja attende det gamle namnet

Bispedømerådet har velsigna ønsket frå Norum sokneråd.

Publisert 31.10.2015 kl. 00.01. Oppdatert kl. 08.08.

No skal kyrkja få attende det gamle namnet Ølmheim kyrkje. Det er eit vedtak soknerådsleiar Rønnaug Dahl er glad for.

– Eg er nøgd med at me har funne ut av at det aldri var gjort noko vedtak om at kyrkja skulle endra namn til Norum kyrkje. Difor er det rette namnet Ølmheim, seier Dahl som tok på seg arbeidet med å finna ut meir om det formelle rundt namneendringa.

Arbeidet sette ho i gang etter at Anders Slinde skreiv brev til soknerådet og bad om at dei tok opp saka.

– Hadde det ikkje vore for Anders, så hadde nok ikkje saka kome på bordet att.

Femten år

For om lag 15 år sidan vart det sett opp skilt med påskrift Norum pluss det vanlege kyrkjesymbolet ved avkøyrsla frå riksvegen opp til kyrkja. Det gjekk ikkje heilt upåakta hen. Diskusjonar og engasjerte avisinnlegg frå dei som meinte at det var feil at kyrkja skulle heita Norum kyrkje. Det rette måtte vera slik det hadde vore i alle år bakover, Ølmheim kyrkje i Norum sokn.

Anders Slinde, som mellom anna var med og restaurerte kyrkja på 60-talet, skreiv eit innlegg om dette i samband med kyrkjejubileet i 2013. Året etter mottok soknerådet eit brev frå Slinde der han bad om at namnet på kyrkja vart teke opp som sak.

Heile saka les du i laurdagsutgåva til Sogn Avis.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Sogndal

Siste saker Gå til framsida