Gav falsk forklaring

Personen som melde frå om at han vart angripen og stukken med kniv på Hafslo laurdag 1. august, er no meld for falsk forklaring.

Publisert 12.08.2015 kl. 13.25. Oppdatert kl. 13.29.

- Me etterforska saka nokså heftig og fekk tidleg mistanke om at alt ikkje stemde med det fornærma forklarte, seier regionlensmann Arne Johannessen.

Alvorleg

Han legg til at dei tok denne saka svært alvorleg.

- Dette er ei sak som har skapt mykje frykt og redsle i Hafslo. Det er ikkje kvardagskost at me får melding om ei så uprovosert knivstikking på ein stad som Hafslo. Me sette difor i verk ei skikkeleg etterforsking og til meir me jobba med saka, til meir var det som ikkje stemte. Under avhøyr tysdag, la han også alle korta på bordet. Han fekk då endra status frå fornærma til sikta med mistanke om ei falsk melding og falsk forklaring.

Noko anna

Johannessen vil ikkje gå inn på kva motiv vedkomande har hatt for ei slik handling.

- Men slike saker er ofte eit uttrykk for noko anna. Eg har difor ikkje lyst til å gå inn på noko motiv ut over at det er openbert at dette er ei sak som høyrer inn under helsevesenet og at vedkomande har behov for hjelp.

Ingen fare

Johannessen seier det er viktig å få kommunisert ut at det ikkje er grunn til frykt eller redsle i Hafslo, eller heile regionen for den del, for at det går ein ukjent gjerningsmann rundt med kniv.

- Me ser saka som oppklara sidan vedkomande har gjeve full tilståing. Etter at me er ferdige her, går no saka vidare til jurist for ei påtalemessig vurdering. Det er alvorleg med ei falsk melding som fører til at det blir sett i gang eit stort apparat for å løysa saka.


Les meir om: Siste Nytt Luster