Bergar turgåarar ned frå fjellet

Var slitne og gjekk seg fast.

Publisert 09.08.2015 kl. 14.27. Oppdatert kl. 14.30.

I ettermiddag vart det sett i gang redningsaksjon i Luster.

– Det er to turgåarar som er slitne og som har gått seg fast etter å ha vore i området Store Austabotntind, opplyser operasjonsleiar Bengt Næss ved Sogn og Fjordane Politidistrikt.

Han seier det ikkje er noko dramatikk i det som skjer.

– Turgåarane gjekk ut i går og har vore ute i heile natt. Me valde sende opp eit Sea King-helikopter med to mann frå den alpine redningsgruppa for å få turgåarane trygt ned att, seier Næss.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster