Medaljeløparane først i mål

Johan Bugge og Eli Anne Dvergsdal vann Fanaråken opp.

Publisert 08.08.2015 kl. 15.10. Oppdatert kl. 15.23.

EM-meistar i motbakkeløp, Johan Bugge frå Eidsvåg IL kom fyrst i mål på Fanaråken opp med tida 56 minutt og 46 sekund.

Betre enn forventa

Eli Anne Dvergsdal, som fekk sølvmedalje i EM tidlegare i år, har slite med sjukdom i nokre veker. Ho sa til Sogn Avis før start at målsetninga henner var å få best mogleg tid og få testa kroppen. Jølstringen som ikkje har delteke i Fanaråken opp tidlegare, vann dameklassen med tida 1:09:31.


Les meir om: Siste Nytt Sport Luster