I gang med kraftprøven

150 løparar på veg mot Fanaråken.

Publisert 08.08.2015 kl. 11.42. Oppdatert kl. 11.43.

- Me er ikkje nøgde med vêret, men heldigvis lysna det opp no rett før start, seier løpsleiar Anders Fortun.

God påmelding

Fortun er derimot nøgd med påmeldinga i år og sekriteriatet opplyser om at det er 151 påmelde til Fanaråken Opp 2015.

Favorittar

Det er mange sterke namn på veg opp den krevjande løypa, men Fortun trekkjer fram eit par favorittar til sigeren.

- I år vert det nok tidlegare EM-mestar Johan Bugge og Anita Håkenstad som får best tid, seier Fortun.


Les meir om: Siste Nytt Sport Luster