Turistane strøymer til breen

– Alle turane er fullbooka desse dagane, og me har svært stor trafikk.

Publisert 07.08.2015 kl. 10.12. Oppdatert kl. 15.58.

Det seier Steinar Bruheim, dagleg leiar i Jostedalen Breførarlag.

August, som dei siste åra har vore den viktigaste månaden for breførarlaget, er nett i gang. Men alt no vågar Bruheim håpa på ein sesong opp mot fjoråret, då dei sette rekord.

– I fjor hadde me vel 11.000 deltakarar totalt på dei ulike turane på Nigardsbreen. Det var 17 prosent fleire enn sesongen før og ny rekord. Så langt i år ligg me omtrent på nivå med fjoråret, seier Bruheim.

Kina kjem for fullt

Dårlegare sommarvêr enn i fjor, betyr ikkje så mykje for deltakinga på breturane.

– Me har mest utlendingar med på turane på Nigardsbreen. Dei er ikkje så vêravhengige som nordmenn. Har dei planlagt ein tur på breen, blir dei med sjølv om vêret er dårleg, fortel han.

For sjølv om det blir stadig fleire nordmenn med på breturane, er utanlandske turistar i klart fleirtal.

– 75 prosent av deltakarane er utanlandske. Framleis er det den tyske og nederlandske marknaden som er viktigast for oss. Me har mange individuelle reisande derfrå. I tillegg har me stadig fleire grupper, og me ser særleg at Kina er på full fart inn i brevandring.

Lokalbefolkninga ser Bruheim sjeldan på breturane.

– Dei kjem berre når dei får besøk og vil syna fram breen. Lokalmarknaden betyr lite for oss.

God marknadsføring

«Kort blåistur» er den mest populære av turane breførarlaget tilbyr. Denne turen tek tre og ein halv time, og gjev deltakarane eit innblikk i kva ein bre er.

– For dei aller fleste som deltek på turane er det første gongen dei er på ein bre, fortel Bruheim.

Ein strålande sommarsesong for breførarlaget kjem ikkje som noko overrasking for Bruheim, som var med og skipa Jostedalen breførarlag i 1987.

– Den gode sesongen er eit resultat av fleire ting. Den låge kronekursen gjer at det ikkje er så dyrt for turistane å feriera her, og då er betalingsviljen større. Me har også marknadsført området her godt over mange år. Det har vore ein god sesong også for andre turistbedrifter i Jostedalen og området elles. Det er òg fleire nordmenn som ferierer i eige land denne sommaren. I tillegg er det stor interesse for breane grunna klimaspørsmålet, og smelting av breane får stor merksemd. Så den gode sesongen me no opplever, kjem ikkje som ei overrasking., seier Steinar Bruheim.